Skip to content

Temadikt: Barnet

Erling Andre Flote

Tema for årets festival er BARNET. Erling Westgaard Flote har også i år skrevet et temadikt for festivalen:

 

Barnet

Det skjøraste, varaste, største vi har

er barnet

Det som gjer oss til mor og til far

er barnet

Det som treng omsorg, kjærleik og varme

er barnet

Det som kan vekke sinne og harme

er barnet

Det som skal leike, vekse, spire, gro

er barnet

Det som skal snuble både ein gong og to

er barnet

Det som kan vere ei forferdeleg plage

er barnet

Det som kan hyle, skrike og klage

er barnet

Det som skal arve

garden

båten

ein gammal kommode

haldningar

verdiar

ein øydelagd klode

 

er barnet

 

Det som skal rydde alt rot vi har skapt

er barnet

det som skal leve med det som er tapt

er barnet

Det som aldri burde trenge søke ly

frå stridsvogner

droner

bomber frå fly

er barnet

 

Det som kan finne nye svar

og ha kunnskapen vi i dag ikkje har

om nye idear

ny teknologi

som vi ikkje veit om

som kanskje vil gi

ei reinare luft

ein kur mot kreft

ein vaksine mot krig

så håpet

og trua

på framtida

stig

 

er barnet

 

for

 

Det som kan få til det vi ikkje klarte

er barnet

Det som vil erfare det vi ikkje erfarte

er barnet

Det som vil vite det vi ikkje visste

er barnet

Det vi må verne og beskytte til det siste

er barnet

 

for

 

Det som gjer aller mest vondt å miste

er barnet